onsdag 6. juni 2007

Brother Rolv om Bosnia og Herzegovina i ILO

Det er meir som skjer i ILO-bygninga og i FN –palasset no i starten på 2. veka. For oss genevskoledeltakarane er det mykje å lære om internasjonal fagrørsle, politikk og diplomati. Dei mange førebuande møta går mot slutten og dei tek til å sluttbehandle saker i dei enkelte komiteane. Måndag ettermiddag 4.juni var regjeringa i Bosnia og Herzegovina (BiH) i fokus. Møtet i Committee on the Applikaton of Standards behandla saker som galdt enkelte land. Dette gjeld korleis enkelte land lever opp til dei ILO-konvensjonane ( C ) dei har ratifisert. Mange land er klaga inn for ILO, og har blitt vurderte av Committe of Experts. Av desse er 25 land komne på ei slags ”verstingliste” som både arbeidstakargruppa (Workers) og arbeidsgjevargruppa (Employers) i ILO skal vere einige om.

Workers lykkast ikkje å få behalde Colombia på denne lista, sjølv om det var innstillinga frå Ekspertkomiteen. Mange fagforeiningsaktivistar er truga på livet og meir enn 70 tillitsvalde har blitt drepne kvart år av ukjente grupper og høgreorientert milits. Myndigheitene i Colombia ordnar ikkje opp i lovløysa, fleire tillitsvalde har måtta flykte frå landet. Trass i dette meiner Employers at situasjonen er betre no. Employers ville bruke sitt veto mot at. Colombia kom på lista. I Colombia risikerer altså fagorganiserte livet, slik informasjon kan gjere ein kvar tillitsvald ettertenksam og opprørt.

Men dei tre partane i ILO (Governments 50% - Employers 25% - Workers 25 %) har blitt einige om å oppnemne ein spesiell kommisjon skal undersøke det som skjer i Colombia. Dette gjorde at Workers etter lang tautrekking og mange møter utanom komiteen, kunne gå med på at Colombia vart fjerna frå 25-lista. Korleis stiller så norske arbeidsgjevarrepresentantar frå NHO og KS stiller seg til spørsmålet om Colombia? Og kva med dei norske regjeringsrepresentantane som deltek her på ILO-konferansen?

Det kan verke uforståeleg at BiH og andre land kom på denne lista, som ikkje hadde plass til Colombia. I BiH er det ikkje så ville tilstandar, men landet har ei lovgiving som krev at myndigheitene skal godkjenne fagforeiningane og arbeidsgjevarforeiningane, før dei kan underteikne tariffavtalar. Dette var tredje året BiH fekk påtale for det same av Applikasjonskomiteen. Praksisen i landet strir mot den frie forhandlingsretten som er vedteken i konvensjon nr. 87 frå 1948, og som BiH ratifiserte i 1993.

Regjeringsrepresentantane la seg heilt skinnflate, og lova å arbeide vidare for å endre på dette. Hjelp direkte frå ILO i dette arbeidet var nødvendig, sa dei. Talsmannen for Workers var krass og sa at ingen ting var gjort sidan ILO behandla dette spørsmålet sist, for eitt år sidan. Det skortar på politisk vilje meinte han, regjeringa må no handle straks for å endre lovgivinga. Talsmannen for Emploiars var i det heile einig med Workers, og dei andre representantane frå Governments sa ingen ting.

Leiaren for The Confederate og Independed Trade Union of Bosnia and Herzegoviona (LO i BiH), Edhem Biber, fekk ordet i debatten. Han skulda si eiga regjering for å mangle respekt for konvensjon 87. – Det er og mangel på respekt for grunnleggande menneskerettar i det heile, helt han fram. - Vår regjering vil ikkje utvikle den sosiale dialogen, eller legge til rette for 3-partssamarbeid. Representantar for ILO må undersøke forholda i Bosnia og Herzegovina.

Og ganske sikkert får BiH besøk frå ILO. Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og – Sogn og Fjordane har samarbeidsprosjekt med lærarorganisasjonar i BiH. Slik vart denne møtesekvensen i Applikasjonskomiteen ekstra interessant for underteikna.

Rolv Sæter - Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

1 kommentar:

Anonym sa...

Dette later interressant